Me er Ståvo
Ei ståve for design, leik, kreativitet og samarbeid mellom små, mellomstore og store.
Tema
Ståvo = tema
Ståvo er ein samlingsplass og ei skaparstove midt i sentrum. Me trur på å legge til rette for tema. Difor har me nye tema kvar vår og haust med litt ulikt innhald.
Me er ein gjeng med skaparar
Vår misjon er å skapa ei levande skaparstove på Bømlo saman med bømlingar (og kanskje stordabuar) som legg til rette for skaparglede.
La oss skapa noko saman!
Me er på jakt etter nye tema, folk som vil bidra, dei som vil vera med å skapa.